Det er her det endar

1/1.

Ei jente stend og ser utover horisonten, det er ein vakker sommardag. Himmelen er farga raud, rosa og oransje av den lave sola. Eit smila leikar i munnvikane samtidig som ho let at auga for å nyte den lette brisen som stryk over huda hennar. Ho veit at om ho tek eit skritt framover vil dei rolige bølgjene vaske over dei bere føta hennar, men det vil ho spare til seinare, det er nok å berre stå her for augeblikket.

Skritta som kjem bakanifrå er dempa av den mjuke sanden, ho merkar ikkje at han er komen før han legg ei hand på skuldra hennar. Ho snur seg ikkje med ein gang, ho vil halde fast på følelsane eit lite sekund til. Følelsen av å vere udødeleg, følelsen av at sommaren deira varer uendelig, men då ho snur seg mot han kjenner ho også følelsen av tap. Det var ikkje dette ho hadde venta den dagen for to månadar sidan.

Han held hendene hennar i sine og ser ned på henne. Hjartet hans brestar nesten når han ser auga hennar bli fylt av sakn og tårer. Han held ho mot brystet sitt og legg armane sine rundt ho, slik står dei lenge. Ho veit ho burde sei noko, noko som let han vite nøyaktig kva ho føler, men kva kan ho sei når ingen ord kan beskrive kva som held hjartet hennar oppe?

Dei kan ikkje gå lenger no, dei kan ikkje gå tilbake heller. Det er her det endar. Han prøvar å ta eit skritt i frå ho, men ho følgjer etter, heng seg på han som ei igle. Ho er ikkje klar for det uunngåelige enda, ho treng eit lite sekund til. Smerta i auga hans er tydeleg – han mislikar dette like sterkt som ho. Han må gå til slutt, det veit ho. Det er ikkje noko dei kan koste under teppet. Ho held fast i her og no, for det er her og no som vil vere det ho aldri kan gløyme. Han lenar seg ned og pressar panna si mot hennar, held fast i ho og kjenner lukta av henne og tårene hennar mot kinnet sitt når han gir henne ein klem.

Så slepp han. Han går bakover. Ho blir ståande. Følelsen av å bli slått ned slår lufta ut av ho. Ho har lyst til å rope etter han, ho har lyst å be han om å stoppe, om å aldri forlate ho, men ho kan ikkje. Ho får seg ikkje til å gjere dette vanskelegare for han enn det allereie er. Idet rommet mellom dei blir større og større, breiare og breiare, snur han seg, snur seg vekk i frå tårene hennar, prøvar allereie å gløyme gleda og smerta i hjartet.

Ho ser ryggen hans forsvinne over høgda, opplyst av den fallne sola. Ho fell til knea sine i det han forsvinn heilt i frå ho. Bølgjene rekk ho no, og det lange håret hennar blir vått i tuppane. Ho gøymer ansiktet i henda når ho kjenner alt falle i hop på innsida. Eit hjarteskjerande skrik forlet munnen hennar, grimasen som formar ansiktet gjer ho umulig å gjenkjenne. Ho sit ikkje i vatnet lenge. Ho røyser seg igjen og går i motset retning enn han. Den svake sola glødar over huda hennar i det ho går lenger og lenger. Det kveldsvarme sommarvatnet vaskar over føta hennar først, deretter kjolen hennar. Ho merkar det ikkje, ho fortsett berre å gå.

Det er her det endar.